Me hjelper deg med små og store oppdrag heime og på hytta
Nokre av våre tenester

Sal og produksjon av ved
Lokal produksjon av bjørkeved. Hent eller få levert der du treng det.

Maling, tømrararbeid og vedlikehald
Arbeid inne og ute. Små og store oppdrag samt hyteservice og vaktmeistertenester.

Kantslått, snørydding og hagearbeid
Me tek på oss ulike oppdrag i sesongen både for hyttefolk og fastbuande.
Om oss
Eidfjord Bygdaservice vart starta hausten 2022 av Adrian Hus, Torstein Hus og Hans Olav Lægreid — med erfaring frå turisthytte- og fjellstovedrift på Hardangervidda. Det starta som eit vinterprosjekt med vedproduksjon og malararbeid, men har vakse til å bli heilårsarbeidsplassar med rundt tre årsverk.
Me er eit lokalt lag med brei og variert bakgrunn, og det gjer oss allsidige. Enten det gjeld eit lite vedlikehaldsjobb, snørydding, hagearbeid eller eit tømrarprosjekt — me finn ei løysing. Nyleg har me også fått Nils Garen inn på eigarsida, noko som gjer at me kan ta på oss endå fleire tømrarjobbar.
Me kjenner Eidfjord, me bur her, og me er stolte av å vere eit tilbod for både fastbuande og hytteeigarar i bygda.
